Frk. K sitt tekstlaboratorium

Kan hende gjer du ikkje dumt i å lesa med vernebriller. På ei anna side, kan hende er det meir spanande utan.

søndag, november 08, 2009

Ramme verk

Ho smiler. Nøgd over å sjå at ramma har fire hjørne som held det heile saman. Ho plasserer biletet mot glaset, festar bakstykket, og ikkje ein einaste malingsflekk flyt utanfor heilskapen.

Og når nokon stiller ho eit spørsmål, eit av dei vanskelege, som ”korleis kan du ha ei heil og fullkommen glede når det i den heilage boka di faktisk er tale om ei reell fortaping for reelle menneske, menneske som du er glad i? (om du då i det heile er glad i nokon som er utanfor ramma di. for om du skal vera glad i dei, må du våga å lytta til dei og ta orda deira på alvor, sjølv om dei seier ting som ikkje passer inn)”,

Då ser ho til biletkanten der ramma tek til og ser kva som står
skrive: ”Eg forstår ikkje. Men Han forstår.”

Ho smiler. Nøgd over å sjå at ramma har fire hjørne som held det heile saman. Ho legg lokk over spørsmåla, får hjernen ti å teia, kneblar frykta med evig fred, og er så velsigna lukkeleg.

Nokon må då bli provosert over dette?

Det er ikkje orddelingsfeil i overskrifta.

søndag, oktober 25, 2009

Dekonstruksjonen er begynt

Tekstar konstruerer bilete av røynda. Biletet kan godtas eller forkastast. Kan skribenten faget sitt godt, er det større sjanse for at lesaren tek til seg påstandane som vert framsett, implisitte (underforstått) som eksplisitte (klart sagt).

Konstruksjonen kan demonterast. Verkemidla som påverkar lesar, kan avslørast. Teksten kan strippast, så berre skjelettet står att.

Underteikna har nett gjort ei avgrensa analyse av ”Sørlandschips historien”*. ”Kva grad av nærleik finn ein i teksten, og kva tekstuelle trekk er med på å konstruera dette?”

Kvifor Sørlandschips? Ho liker ikkje ein gong chips!

Fordi reklamane deira har slått ho som ”festlege”, ”trivelege” og ”fengande”, og fordi slike adjektiv gjer at den kritiske sansen vert sett på sparebluss. Ein svært effektiv reklamestrategi, med andre ord.

For å gjera ei lang analyse kortare: Reklamen får produsenten til å framstå som ein som er på lag med småfolk og andre kvardagsmenneske. Teksten er skriven med ei handskriftliknande font, teikningane kunne barna dine ha laga på ein god dag i 4. klasse. Teksten kunne ha vore på kjøkkenbordet ditt utan at du ville ha løfta eit augebryn. Konstruksjonen ønskjer å høyra til i den private sfæra di.

Gjennom historia får Sørlandschips bygd opp ein identitet som eit lite, artig prosjekt mellom venar, ein av dei pantsette til og med gifteringen sin! Dei er langt ifrå eit resultat av dei tilfeldige investeringane til ein kynisk finansmann. Og dei er ”heldigvis” Noregs minste chipsfabrikk, meiner dei. Ja, for store fabrikkar, dei er skumle, det veit både folka bak Sørlandschips og mannen i gata. Leif Arne, Rune, Terje og Steinar og bruker fornamna sine, og dei er sterkt tilstades i teksten ved bruk av fyrstepersonsponomenet ”vi”. Dei er som oss! Det oppstår identifikasjon mellom produsenten og den potensielle kunden.

...Analysen sluttar ikkje her, men av ulike omsyn vert han brutalt avbroten. Spesielt interesserte kan sjølvsagd få tilsendt den fullstendige versjonen/disseksjonen.


Å! Som ho kosar seg med å avkle kommersielle aktørar! Ho rynkar ganske så kraftig på nasa, nesten så mykje at panna blir skrukkete, over den plassen reklamen har fått i det offentlege rom. Kor mange reklamar vert ho eksponert for ein morgon på trikken til Blindern? Interessant telleprosjekt. Men no har ho altså skaffa seg eit våpen, smidd i akademias forvridde korridorar, ein gong i ikkje svunnen, men heller ganske så moderne tid. Våpenet glitrar i sollyset, fienden vert blenda: Ho hevar tekstanalysen over slagmarka. Let the deconstruction begin.**

* for å finna den aktuelle teksten, må du klikka deg inn på "kontoret" og opna permen det står "historien" på.
** denne teksten er også ein konstruksjon. ytrar tilbyr eit bilete av verda som addresaten står fritt til å ta til seg eller forkasta. kva verkemiddel har ho nytta i teksten? utfordringa er gjeven. dekonstruer!

lørdag, september 26, 2009

Chips

Ho knaskar i seg Sørlandschips, feittflak produserte på Noregs minste chipsfabrikk. Som om det faktumet minskar støyen av tygginga ved konsumpsjon . Han prøver å høyra kva som blir sagt på filmen dei fôrar seg med, men han høyrer tydelegast dei skjøre flaka bli knuste mellom dei cola - farga tennene hennar. Spørsmål vil ut av munnen hans: Korleis kan ho med godt medvit gjeva kroppen slike elendige byggesteinar? Veit ho korleis blodårene hennar ser ut på innsida?

Han teier, klok som han synast at han er. Prating under film er det verste han veit.

Stova er mørklagd. Dei ligg i grava saman med Uma Thurman, berre gatelysa utanfor gjev illusjonen ei flenge. Dei høyrer berre pusten til den hemnlystne blondina – og dei lurer på korleis i alle dagar ho skal klara å koma seg ut for å ta livet av Bill. Ei lommelykt vert tent og kastar grått lys over andletet hennar. Endeleg får ho bruk for det den kinesiske kampkunstmeistaren lærte ho for mange år sidan, ja, det var før ho låg fem lange år i koma. Ho slår i kistelokket til knokane blør.

Chipsfortæraren vert sittande stille i fire minutt etter at rulleteksten har rulla seg til botnen.

- For ei nydeleg kjærleikshistorie! kjem det frå dei feittglinsande leppene hennar.
- Å? Siktar du til den scena der Uma dreg ut det siste auga til Bill sin kjærast og mosar auge - eplet under den nakne foten sin? seier han og ser på ho med venstre augebryn løfta.
- Nja, det òg. Men eg meiner, heile konseptet, liksom.
- Åja, no forstår eg, det er dei utruleg romantiske scenane i Kill Bill I du meiner, der Uma slaktar Crazy 88 så me får sjå kor fine fontener som oppstår om ein kuttar av kroppsdelar med samuraisverd?
- Du vil visst ikkje forstå kva eg meiner, seier ho og han synast ho viser overraskande innsikt i problematikken.
- Så hjelp meg å forstå, då, seier han og veit at han no kan koma til å utløysa eit ras av ein monolog.
- Ok. Slik eg ser det er denne urealistiske valdsorgien eigentleg ei svært menneskeleg historie om kva som skjer når ein knusar eit hjarta. Det er klart Bill vert såra når han finn ut at Uma…
(her får han lyst å skyta inn at det er inkonsekvent av ho å nyttar Uma sitt verkelege namn medan ho nyttar Bill sitt rollenamn, men han let det ligga.)
- …ikkje var død men hadde stukke av med ein annan mann for å gifta seg og oppdra Uma og Bill sitt barn saman med han. Det er klart slikt gjer vondt! No er det diverre slik at Bill er ein mordar, det er hans natur, og korleis reagerer ein mordar når han vert såra? Faren er vel stor for at han overreagerer ein smule, men det er vel betre enn å ikkje reagera i det heile. Han innrømmer jo seinare sjølv at han overreagerte ved å ta livet av brudgommen og gjestene og skyta Uma i hovudet medan han spør ho om ho finn han sadistisk. Han elska ho verkeleg!
- Du er så romantisk, kjære!
- Kva ville du ha gjort om eg fekk deg til å tru at eg var død medan eg stakk av med ein annan?
- Bli lei meg.
- Ja, og så?
- Eg ville diverre ikkje drepa deg.
- Nei, det hadde eg heller ikkje forventa, du er jo ingen mordar. Men noko ville du vel gjera?
- Du veit kva du har å gjera om du vil finna svaret på det spørsmålet, seier han og overraskar seg sjølv ved å senda tunga si på leitejakt etter chipssmular i munnhola hennar.

tirsdag, september 22, 2009

Forsøk på å skriva om skjønnlitteratur

Det følgjande er eit forsøk på å finna ut kvifor eg vel å bruka ein såpass stor del av den avmålte tida mi på å lesa skjønnlitteratur. Kanskje vil mange seia at behovet for underhaldning og pusterom i ein hyperventilerande kvardag, er hovudmotivasjonar for å setta seg ned og observera ordsamansetningar som er sette saman av folk som i følgje forlaget skal vera flinke til slikt. Sjølvsagd er det av høg verdi for meg å bli underhaldt, men dette kjem i andre rekke. Her vil eg undersøka alternative motivasjonsfaktorar, ei liste som ikkje må lesast som uttømmande. Eg nemner mellom anna ikkje at eg les fordi eg er fascinert av språket i seg sjølv, eller fordi litteraturen kan vera så vakker at han når inn til rom i meg som eg alt for sjeldan får tilgang til.

- Eg les fordi eg vil bli eit betre medmenneske*.

Eg prøver å halda meg oppdatert på kva som skjer i meg ved hjelp av notatboka mi. Kartlegginga er langtfrå fullstendig, men det er då eit skritt i riktig retning. Berre ein liten brøkdel av det eg skriv der vert vidareformidla til dei som er rundt meg. Når eg veit at tankerekkene og kjenslene mine er framande for størsteparten av verdas befolkning, tilseier det at eg heller ikkje har så frykteleg god oversikt over kva andre grublar på, kva impulsar som driv handlingane deira og korleis dei har det med seg sjølve.

Dette kan gjera det komplisert for menneska å vera nær kvarandre. Om eg berre kjenner mine eigne måtar å resonnera på, vert det vanskeleg å kunna forstå korleis folk kan koma til heilt andre konklusjonar, ja, til og med få dei til å handla på måtar som får meg til å stempla dei som usympatiske.

Her kjem romanar, noveller og dikt inn i biletet. Dei openberrar for meg kjensler og tankar som ikkje oppstod i mitt eige hovud. Når eg blir klar over at det er mogleg å vera tilstades i livet sitt på så mange ulike måtar, opnar det meg for ei vidare og rausare tolking av menneska som ikkje er meg. Skjønnlitteraturen let meg følgja resonnement og koma til konklusjonar som ligg fjernt frå mine eigne. Neste gong eg møter eit menneske som ser ut til å støyta omverda frå seg, kan eg trekka parallellar frå romanar om einstøingar. Slik kan eg nærma meg ei forståing av kva som skjer i vedkomande og respektera handlingane hans som eit resultat av eit indre som ikkje er mitt eige, men som eg likevel kan identifisera meg med. For me er då begge menneske, bærare av hovud med utallige moglege livstolkingar.

Ei innvending til denne lovtalen, er at litteraturen har ein tendens til å visa fram personlege indre som er for sære til at folk flest (eit etterkart belasta uttrykk, men her vil eg at det skal lesast med positiv valør) ikkje kan identifisera seg med dei. Ei av mine tre kjære sambuarar, kom nyleg med ei slik ytring, og ho utfordra meg til å skriva ei novelle med ein hovudperson som liknar ho. Me spøka med at det ville ha blitt keisam litteratur, fornuftsbasert og motstandslaust. For venninna mi ser ut til å leva eit liv som rett og slett er greitt, fint og kan hende til og med vaskeekte lukkeleg? Eg trur sjølvsagd ikkje at ho ville ha blitt keisam litteratur, men poenget ho fremmar er verdt å ta på alvor.

Skulle det då vera slik at karakterane i skjønnlitteraturen er for sære til at litteraturen skal kunne kallast relevant for kven som helst? Eg vil seia nei: Ved å visa fram grensetilfella gjennom karakterar som vert dominerte av enkelte karaktertrekk, kan me læra noko om alle oss som balanserar nokolunde stabilt på midten. Det at trekka ikkje er like framtredande i oss som i litterære karakterar, tyder ikkje at trekka dei ikkje eksisterer!

Skjønnlitteraturen gjev meg tilgang til å sjå verda gjennom andre sine auge. Eit privilegium! Og ein verdefullt reiskap for å vidareutvikla empatien.

- Skjønnlitteraturen lærer meg å kjenna meg sjølv.

I tillegg til å utvikla språket mitt så eg lettare kan setta ord på det som skjer i og rundt meg, viser litteraturen fram karaktertrekk, handlemåtar og kjensler eg kan kjenna att i meg sjølv. Kan hende er dei i meg utan at eg ensar dei, for dei er blanda saman med alt det andre som er der, og vert difor ikkje utkrystalliserte så eg verkeleg kan bli klar over at dei eksisterer. Bøker kan setta fokus på eit av elementa i meg som eg tidlegare trudde at berre var ein av mange suppe – ingrediensar, og visa meg konsekvensane eit slikt element kan få for meg.

Eg set punktum her, utan samandrag eller oppfordringar. Det får vera lesaren si oppgåve å finna ut kva eg har sagt.

* Her kan ein diskutera kva som ligg i omgrepet ”betre medmenneske”. Det sparer eg til framtida.

søndag, september 13, 2009

Valnatt på byen

I løpet av dei tidlege kveldstimane har Samsaya fått meg til å laga sensuelle indiske handrørsler og Lars Lillo Stenberg prøvde å smøra honning på leppene mine (søt musikk ligg ikkje for mine øyre for tida, så eg reagerte med å få den småbitre grapfruktsmaken i munnen i staden).

Kulturkampkonsert, var det dei kalla det, og Jens, Kristin og Liv Signe dansa, sistnemnte med størst innleving, med dei to entusiastiske Madcomaranae. Vel: Eg fekk då med meg éin bodskap, men den var då heller ikkje ny for meg: For alt du gjer, ikkje stem Frp! Sterke visuelle virkemiddel vart nytta for å overbevisa det allereie overbeviste publikum. Fyrst: Scener frå Himmelblå og Max Manus som ikkje ville vore moglege å produsera om NRK - lisensen vert fjerna og Frp får gjennomført milliardkuttet innanfor kultur. Og så scener i frå Brødrene Karamasov på Nathionalthetaeret med bodskapen: Om Frp kjem til makta vil teaterbillettane kosta 880kr. Som Lillo Stenberg sa på sitt tilbakelente vis: Dette er ikkje ein kamp der det står om livet, men me kjempar for de som gjev livet meining. (noja, kan hende eg feilsiterer, men det var i det minste essensen.)

Frp sin marknadsorienterte tankegang går ikkje overeins med forholda i Noreg. I USA er det mogleg å driva kultur med profitten i førarsetet, for der er det ein enorm marknad for slikt. I Noreg ville til dømes filmsatsing blitt endå tøffare å gjennomføra, då det er usannsynleg dyrt å laga film og nesten umogleg å tena inn alle desse pengane uansett kor høgt publikumstal du oppnår. Me er tross alt under 5 millionar potensielle kinogjengarar her i landet.

Vel, seinare på kvelden sit eg på ein pub med 130 ølsortar. På eit nabobord sit Siv Jensen og venane hennar. Og då eg er om lag halvvegs nede i Guinnessglaset mitt, gjev eg dei to kameratane mine ei seriøs politisk analyse, basert på følgjande spørsmål. – Jensen, betre enn mensen?

Eg drøfta på følgjande vis: Jensen kan vera til å leva med på kort sikt. Me får visstnok lågare skattar, meir oljepengar å nyta med det same, billegare alkohol og bensin, og me slepp å ta inn over oss at det er ei klimakrise i lufta (den er så ekkel å tenkja på). Om den meir liberale alkoholpolitikken fører til meir kriminalitet, så kompenserer ein med ved å få meir politi. Lykke!

Mensen ligg dårlegare an om ein ser det i eit kortsiktig perspektiv: Humørsviningar, feitare hud og hår, hovudverk, krampar, ja, jenter, eg er sikker på at lista individuelt sett kan vera lenger. Altså: Så langt ligg Jensen i teten.

Lat oss vidare sjå på langtidskonsekvensane: Mensen er ein naudsynt faktor for at det skal bli skapt nye menneske. Wow. Då kan ein tåla det meste på kortsikt.

(på dette punktet i drøftinga har eg vore på toalettet der ei kvinne sat på do utan å reagera på at dei som stod i kø drog ho i beinet. tre menn som jobba der kom og slo inn døra, og synet var, nei eg prøver å gløyma.)

Men Jensen, Jensen, Jensen. Eit tommare oljefond, alkoholiserte folk som er rusa på eksos, eit magert velferdssystem der det er lommeboka som regjerer (sjå så fint det går i USA! Dei fattige får ikkje hjelpa dei treng!), kinoar der det berre snurrar kommersielle kassasuksessar og musikarar som aldri vart musikarar fordi dei ikkje hadde råd til å våga å satsa livet på musikken. Norsk jordbruk vert nedlagt, distrikta døyr ut. Folk flest nyt fridomen sin til å leva så egoistisk og frotsande som dei alltid har drøymt om, samstundes som dei krev at alt kring dei skal bli stadig betre.

Så der mensen fører til kreasjon fører Jensen til destruksjon, konkluderer eg og veit at eg ikkje bør snakka for mykje politikk. For politikk er vanskeleg! Det er gode grunnar til å oppretthalda ein rik partiflora, for spørsmåla er vanskelege og har mange moglege løysingar. Kan hende er det uklokt å harselera med Frp på denne måten, for dei har heilt sikkert eit par gode poeng som eg overser der eg sit på min middels høge akademikarhest. Dessutan sit eg med den ekle kjensla av å tvila på valet eg sjølv har gjort, men uansett kva ein vel, så vil ein ikkje vera fullt ut samd. Men: Ein bør vera audmjuk i møte med politikk, meir audmjuk enn det eg var i går kveld. Jensen, eg tek sjølvkritikk. (men eg synast likevel at eg har eit par gode poeng.)

På puben får eg òg lufta ein alvorleg frustrasjon: Det faktum at Kristent samlingsparti eksisterer og håper at Gud vil hjelpa dei inn på tinget. I gårsdagens Vårt Land las eg følgjande annonse: ”Gud sier i sin Lille Bibel, Johs 3,16, at Troen på Jesus er avgjørende om ditt liv ender med Fortapelse eller et Evig liv. Tror du på det Jesus her sier, så stem Kristent Samlingsparti.” (sic.) Eg vel å le og prøver å la vera å brenna annonsen. Det ville ha vore umodent av meg.

Nei, her ser de altså grunnen til at eg aldri skriv om politikk. Det vert eit kaos styrt av kjensler og innfall. Og eg vel å pulblisera ein rotete tekst som denne, sjølv om eg veit at eg kunne ha gjort mykje betre. Det er tidspresset som får meg til å vera så dum.

Godt val!

søndag, september 06, 2009


Eg ser ut av togvindauga. Dei er gulare enn glasrutene heime. Alt utanfor ser lunt og lyst ut, det er NSB sin velmeinte illusjonskunst.

Det eg ser, er eit nettverk av potensielle tankerekker. Eitkvart objekt,
Kvart raude trehus, kvart gjerde, kvar klumpete sky,
Kan eg gjera til ein utløysarmekanisme for eit ras av
Assosiasjonar, refleksjonar, meditasjonar.

Å! Den vedunderlege hjernen!



Edderkoppen på biletet bur på Rena stasjon.
Eg er lei for at eg bloggar så sjeldan. Tekstproduksjonen min er stor for tida, men prioriterer andre format.

Du er så flink!


Når den flinke jenta finn ut at ho prøver for hardt å vera flink, og at dette er noko ho burde jobba med,


Når ho tek fatt på den jobbinga, ja,
Då vert ho endå flinkare.


onsdag, august 12, 2009

Å venta på Poirot

På sesongens siste spasertur i levande jærluft, ser eg med skrekkblanda fryd at bjørka har fått eit stenk av gult. Ein bil køyrer forbi meg, ikkje på meg. I kveldens episode av Poirot kjem mordaren til å køyra ned ein full mann som har vore litt for observant. Eg er ikkje berusa og heller ikkje veit eg for mykje, så ingen har umiddelbart behov for å drepa meg.

Ein lyshåra gut på sparkesykkel roper med frydefull røyst til ei lita jente: ”Det var far min som drog! Han bur hjå farmor og farfar no, men snart skal han få si eiga leilegheit!”

Vidare vandrar eg forbi rogn og raudnande eple. Eg vender nasen heimover for å få med meg elegant krim der svaret på spørsmåla ligg under eit intrikat nett av skjulte, fatale relasjonar og andlet som lyg. Løysinga kjem frå den årvakne utlending, den vesle belgiaren med eit blikk som ser gjennom den nybona, britiske overflata.

mandag, juli 27, 2009

Bømlo - 09

I handa mi ligg ei mjuk, gjennomsiktig kule, ho liknar eit forvakse sagogryn. Det er pupillen til ein fisk som var for liten, så liten at han vart behandla etter catch – and – release - prinsippet. Faren for å få ein for liten fisk som vert torturert og kasta sprellande ut på sjøen att, gjer at eg legg frå meg harpa. Skjønt, eg har ikkje fiska med stort engasjement, eg har gjort det i blinde og drege snøret knappe tjue centimeter opp for kvart rykk. ”Fisk som om du meiner det!”, vart eg fortalt, og eit par minutt følgde eg faktisk ordre. Likevel er ingen av fiskane i den kvite plastbaljen mi forteneste. Det rykker i dei glatte kroppane med knekte nakkar og pumpande, blottlagde, indre organ. Fiskeskjella gjev eit fargespel fleire burde legga merke til og undra seg over.
Eg lener meg attende i baugen, lukkar auga, høyrer bølgjer, hes måkeprat og venane mine som diskuterer kven som fekk den største torsken. ”Det var den sommaren i 2009 då eg drog opp ein torsk som var så stor at…” fortel den eine til dei framtidige barnebarna sine. Me er allereie på veg inn i historia.

I handa mi held eg ein firkløver. Eg kan ikkje hugsa at eg plukka han. Eg hugsar berre at eg stod med tre dart – pilar og visste at eg ikkje kom til å treffa blink. Med den mentale innstillinga vart det sjølvsagd stusselege tre poeng. Som premie fekk eg lov til å vaska opp medan Beck song ”Loser” frå Ipoden min. Før dart – kastinga prøvde eg å melda meg frivillig, eg visste jo at eg måtte gjera jobben uansett, men kva er det med gutar og konkurranse?

Eg presser høgre hand inn i venstre side, og joggepartnaren seier at når ein har sting, må ein gå for å få det bort. Me senker tempoet, og eg håper at han ikkje sa det fordi han høyrde kor lite pust eg hadde att etter den siste oppoverbakken.

Hendene mine knyt knutar. Trompetstikk, åttar, dobbel fiskeknute, pålestikk og den totalt unyttige hengeløkka.

I handa mi kviler ”Århundrets kjærlighetsaga” av Märta Tikannen. Dei få orda som er sette opp i strofer på sidene, skildrar kjærleiken mellom ei kvinne og den alkoholisterte ektemannen hennar. Boka gjer meg til fråhaldsmenneske for helga.

Hendene ligg under puta mi, og eg forsvinn frå naustet og inn i ei verd der vitskapsmenn ikkje maktar koma med ei einaste likning for fysiske lovar og regelmessige handlingar. Samstundes er det ei som legg ei padde i senga til ein sovande kamerat, men slik galskap, det ligg ikkje til meg, difor veit eg at eg kan sova trygt.

Venstre hand held den svarte notatboka mi, den høgre grip blyanten av resirkulerte, kinesiske aviser. Eg framkallar eit fotografi med bly på gulkvitt papir: Bak meg skin sola. Ho gjer skogen på andre sida av sundet friskt grøn, nyansane vert tydelegare og dei tunge skyene vert blågrå, lilla og fulle av potensiell dramatikk. Frå hytta høyrer eg suset av sykkelhjul på Camps – Élysées. Eg smiler for meg sjølv der sit i ein blå plastlenestol, og tenkjer at eg er midt i eit pusterom i særklasse.

tirsdag, juli 14, 2009

How sweet is your love?

Namnet hennar vert kasta veggimellom nedover korridoren. Øyra tek imot, hamrar lyden inn på trommehinna. Ho noterer seg: Han som sit i leilegheita i enda av gangen, er sint på meg. Ho bestemmer seg likevel for å gå vidare i motsett retning av lydkjelda, følgja etterklangen av sitt eige namn ut døra, ut i ei luft fri frå karbondioksidet frå lungene hans. Håpet er at lyden av dei høghæla skorne hennar skal hakka hol på det motet han måtte ha.

Han eig ho ikkje.

Det må han ikkje tru.

Og at ho elskar han? Nei, det må for all del ikkje verta ei gyldig logisk slutning i hovudet hans.

For logisk, nei, det kan det ikkje kallast, at ho

I grunnen ikkje vil anna enn legga hovudet sitt i fanget hans, mala som ein kattunge og slikka i seg restane av måltidet han nett har fortært.

For det er kjærleiken hennar han slukte som ein ferdigpizza med ein så glupsk appetitt at han var nøydd til å bli uvel.

Og det at ho no har kasta buksene og boksarane hans ut frå vindauget i 5. etasje, så han no står der med trådar som berre kan dekka overkroppen, det er kva ho kallar rettferd,

Eit ledd i likestillinga mellom to stridande partar, som kanskje ein dag vil forsonast når dei innser at dei begge er dritsekkar og i grunnen er så perfekte for kvarandre som eit par forskrudde homo sapiens kan få blitt.

Men inntil då får det fatalistisk nok vera som det er, ho kan ikkje anna enn å snu seg og visa langfingeren til han idet ho står utanfor porten og veit at han ser på ho, og at han på sitt sjarmerande vis då skulle ønska at han ikkje var for gamal til å rekka tunge til slike kyniske kvinnebeist som ho.


(sånn kan det gå når frk. K sit oppe ein sein sommarkveld og leikar med ord. ho burde nok tenkja seg om før ho publiserer slikt på den altomfattande verdsveven, men akk! ho lærer aldri... aldri vil ho slutta å dusja sure, ubearbeida oppgulp over dei stakkars lesarane sine. kva må dei tru om ho?)